Forslag til endring av gravplassvedtekter.
§ 8.Plantefelt
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Feltet må ikkje gå ut over breidda på gravminnet, og kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå bakkanten av gravminnet.
Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.
Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bed-plate som fluktar med terrenget omkring. Bed-plate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
NY: Det er høve til å tenne lys og oljelampe på grava så lenge ein er varsam med tanke på brannfare. Lysa skal vera festa eller plassert i ei lukka lanterne som fuglar ikkje klarer å handtere. Lause talglykter er forbode.
Lause dekorasjonar skal fjernast etter bruk.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 11.Namna minnelund
NY: Minnelund en kan nyttast både til urner og kister. Ved kistegravlegging skal det såast til, og det er ikkje høve til gravstein eller pynt.
Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke.
Graver i namna minnelund kan bli festa etter utløp av fredingstida. Ei grav med tilhøyrande minneplate kan festast i totalt 40 år etter siste gravlegging. Etter den tid blir minneplata teken hand om av festar, eller blir destruert. Fellesrådet kan gje dispensasjon til feste ut over 40 år.
Ved gravlegging i namna minnelund kan det bli festa ei grav i tillegg mot at festeavgift blir betalt frå fyrste grav blir teke i bruk. Gravene vil ikkje nødvendigvis kome attmed kvarandre.
Avgift for bruk av namna minnelund blir betalt frå det tidspunktet grava blir teken i bruk. Avgiften dekker kostnader for namneplate og felleskostnader til minnesmerke.
Fellesrådet har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden.
Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelunden.
Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys på tilvist stad så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern.
§ 12.Minneplater
Minneplatene skal kun innehalde:
|
•
|
Namn på avdøde, fødselsår og dato samt dødsår og dato.
|
|
•
|
Det kan vera to namn på ei namneplate.
|
|
•
|
Det er ikkje høve til å nytte symbol på namneplata.
NY: Ved nedsetting (gravlegging) i namna minnelund kan det etter søknad til gravplassmyndigheten påførast eitt ekstra namn sjølv om avdøde er gravlagt ein annan stad. Det må vera plass på same namneplate og namnet må samtidig fjernast frå det opprinnelege gravminnet.
|
Minneplate skal godkjennast av fellesrådet.
https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2023-08-15-1334?q=gravplassvedtekter%20gol